Socialudvalget 2023-24
SOU Alm.del
Offentligt
Mandat
Mandat for gransking av historiske utanlandsadopsjonar
Bakgrunn
Innleiing
Ein adopsjon er inngripande for alle involverte, og vil vere ein livslang prosess. Ved
utanlandsadopsjonar blir eit barn tatt bort frå det opphavlege heimlandet sitt, og får ein ny heim i
eitanna land. Det må derfor stillast strenge krav til reglar og prosedyrar for å få gjennomført ein
utanlandsadopsjon, og til at systemet sikrar barn og familiars grunnleggjande menneskerettigheiter
og rettsvern.
Dei siste åra har ei rekke land gjennomført granskingar av sine adopsjonssystem, og det har blitt
avdekka uforsvarleg praksis fleire stader. Fleire av dei aktuelle opphavslanda er land som Noreg har
hatt adopsjonssamarbeid med. I tillegg har det blitt avdekt i pressa at det har skjedd ulovlege
handlingar i samband med adopsjonar til Noreg. Fleire av dei adopterte som har stått fram med sine
historier, har fortalt at dei heller ikkje har fått tilfredsstillande oppfølging når dei har meldt frå om
mistanke. Ein kan dermed ikkje utelukke at det har vore uforsvarlege sider ved det norske systemet
for utanlandsadopsjonar.
Historikk
Talet på utanlandsadopsjonar har gått kraftig ned i Noreg dei to siste tiåra. I 2022 blei 45 barn
adopterte til Noreg. Midt på 80-talet var talet på utanlandsadopsjonar til Noreg mellom 500 og 600
årleg, og i 2005 blei over 700 adopsjonar formidla gjennom norske adopsjonsorganisasjonar. På 60-
og 70-talet var det flest adopsjonar frå Asia, medan søramerikanske land dominerte på 80-talet. I
dag har Noreg samarbeid med ti land, med flest adopsjonar frå Colombia, Sør-Afrika og Thailand i
løpet av dei siste åra.
I dag går fleire av sakene gjennom Fagleg rådgjevande utval, samanlikna med tidlegare. Dette er
saker som enten gjeld barn som har fylt fem år, søskengrupper på fleire enn to barn, eller saker der
barnet av andre grunnar treng spesiell støtte.
Før Familie- og forbrukardepartementet, seinare Barne- og familiedepartementet, fekk ansvaret for
adopsjon i 1990 , har både Justisdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet (tidlegare
Sosialdepartementet) og Forbrukar- og administrasjonsdepartementet hatt ansvar for feltet. Barne-,
ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som er adopsjonsmyndigheit i Noreg, vart oppretta i
2004. Før dette har mellom anna Statens ungdoms- og adopsjonskontor og Rådet for internasjonale
adopsjonar hatt denne oppgåva.
Adopsjonssystemet i Noreg
Utanlandsadopsjon er i dag regulert i barnekonvensjonen, der artikkel 21 gjeld spesifikt
utanlandsadopsjon, adopsjonslova og Haagkonvensjonen 1993 om vern av barn og samarbeid ved
internasjonale adopsjonar. Frå 2003 gjeld barnekonvensjonen som norsk lov gjennom
menneskerettslova. Haagkonvensjonen 1993, som tredde i kraft i Noreg i 1998, skal førebyggje
bortføring av barn, og motarbeide menneskehandel og trafficking. Konvensjonen har reglar om kva
som er høvesvis opphavslandet og mottakarlandet sine plikter i samband med konkrete adopsjonar.
SOU, Alm.del - 2023-24 - Endeligt svar på spørgsmål 256: Spm. om ministeren vil oversende kommissorierne fra undersøgelserne i henholdsvis Sverige og Norge
Internasjonal adopsjon skal berre skje viss styresmaktene i heimlandet til barnet ikkje har greidd å
finne ein familie i dette landet. Noreg har i dag berre samarbeid med to land som ikkje er tilslutta
Haagkonvensjonen 1993: Sør-Korea og Taiwan. Noreg kan ha eit slikt samarbeid så lenge landet
har eit adopsjonssystem i samsvar med konvensjonen sine føremål og prinsipp. Noreg har (etter
1998) avslutta adopsjonssamarbeid med opphavsland som ikkje kan dokumentere at plikter etter
konvensjonen vert overhaldne.
Normalt blir adopsjonen gjennomført i barnet sitt opphavsland. Ei endeleg avgjerd om adopsjon frå
offentleg styresmakt eller domstol i eit anna land skal utan vidare godkjennast i Noreg dersom det
er gitt førehandssamtykke. Adopsjonar skal som hovudregel skje gjennom organisasjonar som har
drifts- og formidlingsløyve. Bufdir kan gi organisasjonar som har driftsløyve til å arbeide med
adopsjon, tidsavgrensa løyve til å formidle barn frå enkeltland. Bufdir undersøker at det aktuelle
landet (opphavslandet til barnet) har behov for adoptivfamiliar i utlandet, at landet har
tilfredsstillande lovgiving og adopsjonssystem, og at den norske adopsjonsorganisasjonen har
innsikt i og kunnskap om lover, reglar og prosedyrar som gjeld for internasjonale adopsjonar i
landet. Bufdir
fører tilsyn med alle sider av verksemda til adopsjonsorganisasjonen, og gjennomfører tilsynsreiser
til samarbeidsland. I tillegg har Barne- ungdoms- og familieetaten (Bufetat) eit ansvar for
godkjenning av adoptivsøkjarar i Noreg.
Det er unntaksvis mogleg med adopsjon utanom organisasjon i Noreg. Dette gjeld både for kjent og
ukjent barn. For all slik adopsjon er det krav om at minst ein av søkjarane har ei spesiell tilknyting
til det landet der barnet har den vanlege bustaden sin, og at adopsjonen kan gjennomførast på ein
forsvarleg måte. Vidare kan eit ukjent barn berre adopterast utanom ein organisasjon dersom ingen
norsk adopsjonsorganisasjon har formidlingsløyve i landet det skal adopterast frå. For adopsjon av
kjent barn, krevst det nær personleg tilknyting til barnet eller den nære familien til barnet, og at
kontakten er etablert utan adopsjonsføremål. Ved adopsjon av kjent barn er det vidare eit krav at
barnet må mangle tryggleik og faste omsorgspersonar i opphavslandet.
Utfordringar
Internasjonale adopsjonar inneber at to land samarbeider om ein adopsjon på tvers av landegrenser.
Det er behov for eit samarbeid både på systemnivå og om enkeltsaker, og Haagkonvensjonen 1993
har reglar som sikrar at ansvar og plikter er delt mellom landa.
Slike adopsjonar kviler på to sett av nasjonale regelverk og praksis, samt internasjonale reglar. For
Noreg sin del inneber dette eit samarbeid med ulike land, med ulike reglar og praksisar. Lov
ogpraksis har utvikla seg, både i Noreg og i dei aktuelle opphavslanda, og det har vore utfordrande
å få ei heilskapleg oversikt over system, reglar og praksis som har vore gjeldande for adopsjonar til
Noreg opp til i dag.
Før barnekonvensjonen og Haagkonvensjonen 1993 var adopsjonspraksis i avgrensa grad
regulertsamanlikna med i dag, og den internasjonale reguleringa var ikkje tilfredsstillande sett frå
dagensståstad Både mottakarland og enkelte opphavsland har no sett i gong granskingar for å
undersøke korleis internasjonale adopsjonar har vore gjennomført dei siste tiåra. Desse er innretta
på ulike måtar. FN komiteanes Joint Statement on Illegal Intercountry Adoptions (2022) tilrår at
landa bør vurdere å etablere ein uavhengig kommisjon der dette er passande.
SOU, Alm.del - 2023-24 - Endeligt svar på spørgsmål 256: Spm. om ministeren vil oversende kommissorierne fra undersøgelserne i henholdsvis Sverige og Norge
Føremålet med granskinga
Eit overordna føremål med arbeidet er å få svar på om det har vore ulovlege eller uetiske forhold i
samband med utanlandsadopsjonar til Noreg.
Utvalet skal greie ut om systemet for adopsjonar til Noreg har vore forsvarleg. Dette inkluderer
spørsmål om regelverk og praksis. Utvalet skal sjå på om omsynet til rettstryggleik og
menneskerettslege forpliktingar, irekna barnets beste, har vore ivaretatt.
Målet er vidare å ta lærdom av eventuelle svakheiter i systemet. Gjennomgangen skal gi eit
grunnlag for lovutvikling samt utvikling av praksis for kontroll og tilsyn.
Hovudproblemstillinga for utvalet er å greie ut om norske styresmakter har hatt god nok kontroll
med utanlandsadopsjonar og avdekke om det har skjedd ulovlegheiter ved adopsjonar til Noreg.
Oppgåvene til utvalet
Utvalet skal granske adopsjonar på systemnivå, og skal gå inn i eit utval av enkeltsaker. Utvalet skal
skildre kva system som har eksistert for kontroll og tilsyn med utanlandsadopsjonar. Utvalet skal
vurdere korleis norske styresmakter har handtert situasjonar der dei har fått varsel eller kunnskap
om omstende i opphavslanda med behov for oppfølging. Utførte vurderingar og tiltak skal
undersøkjast, under dette om styresmaktene har avbrote samarbeid med opphavsland når det har
vore grunnlag for det. Når det gjeld plikter for opphavslanda, skal utvalet sjå på om ein frå norsk
side
har hatt høve og oppmoding til å følgje tettare opp. Dette gjeld prosedyrane for å kople potensielle
adoptivforeldre og adoptivbarn, kontroll med opplysningar om barnets identitet og
familietilknyting, samt samtykke.
Utvalet skal vidare sjå på om norske styresmakter og adopsjonsforeiningar har hatt høve og
oppmoding til å følgje tettare opp når det gjeld pengeoverføringar i samband med adopsjonar, både
pengeoverføringar frå Noreg til opphavslandet, og mellom aktørar i opphavslandet.
Utvalet skal òg vurdere korleis ratifiseringa av Haagkonvensjonen 1993 førte til endringar i
regelverk og praksis for adopsjonar til Noreg.
Utvalet skal sjå på om vurderingane har vore grundige nok når det har vore gitt formidlingsløyve til
samarbeid med opphavsland. Utvalet skal sjå på om det er tilhøve som burde ha vore fanga opp i
sakshandsaminga av formidlingsløyver.
Utvalet må òg vurdere regelverk og praksis for å gi førehandssamtykke til søknader om adopsjon.
Her må utvalet vurdere kva som har vore vurderingstema, om det beste for barnet har vore høgt nok
prioritert, og om det har vore strenge nok krav til foreldra ut frå den aktuelle konteksten som
utanlandsadopsjon representerer.
Utvalet bør sjå på funn i undersøkingar frå andre land der dette er hensiktsmessig, og vurdere om
tilhøva er samanliknbare.
Utvalet skal vidare sjå på behovet for framoverretta tiltak, og kome med tilrådingar om systemet for
adopsjon i framtida. Tilrådingar om systemet i framtida skal vere basert på krava i
SOU, Alm.del - 2023-24 - Endeligt svar på spørgsmål 256: Spm. om ministeren vil oversende kommissorierne fra undersøgelserne i henholdsvis Sverige og Norge
utgreiingsinstruksen, under dette vurdering av alternative tiltak og konsekvensar (inkludert
økonomiske) av ulike forslag.
Dei fleste adopsjonar skjer gjennom adopsjonsorganisasjonar, og slike adopsjonar vil utgjere det
største temaet for utvalet. Utvalet skal i tillegg sjå på adopsjonar utanom organisasjon. Utvalet skal
sjå på både avslag og godkjenningar for å få eit representativt bilete av praksis, og utvalet må sjå på
ulike land og tidsperiodar.
Utvalet bør sjå på barnets moglegheiter til å få kunnskap om sitt biologiske opphav, plikta hos
adoptivforeldra til å dele opplysningar om adopsjonen med barnet og barnet sin rett til innsyn i eiga
adopsjonssak. Særleg bør utvalet sjå på praksisen med anonym adopsjon, som no er regulert
gjennom Haagkonvensjonen. Utvalet skal vurdere korleis barna og familiane er blitt ivaretatt i
Noreg etter gjennomført adopsjon.
Nærare om land og tidsperiodar
Utvalet skal granske adopsjonssystemet knytt til alle opphavsland Noreg har adoptert barn frå.
Utvalet skal gå gjennom eit utval av saker frå kvart land Noreg har samarbeidd med, for å kunne ta
stilling til om samarbeidet har vore forsvarleg. Utvalet kan gjere eigne vurderingar av kor
omfattande ein skal gå inn i granskinga når det gjeld dei ulike landa. Men utvalet må som minimum
prioritere ei grundigare gransking av desse landa (i alfabetisk rekkefølge): Bangladesh, Brasil,
Chile, Colombia, Costa Rica, Ecuador, Etiopia, Indonesia, Kina, Sri Lanka, Sør-Korea og Vietnam.
Det er også grunn til å
gå nærare inn på land som adopsjonsorganisasjonane eller norske myndigheiter har avgjort å
avslutte adopsjonsformidlingar frå.
Når det gjeld tidsperiodar bør utvalet sjølv vurdere kva periodar det er naudsynt og føremålstenleg å
granske i tilknyting til kvart enkelt land. Utvalet må likevel sørge for å vurdere prosessar både før
og etter 1998, då Noreg slutta seg til Haagkonvensjonen, for om mogleg å vurdere korleis
ratifiseringa har verka. Det må takast ulike omsyn når det gjeld dei ulike landa, og utvalet er i
tillegg forventa å tilpasse seg etter sine eigne funn undervegs. Utvalet skal grunngi avgrensingar og
val av tidsperiodar.
Om prosessen
Utvalet må leggje til rette for mest mogleg openheit i arbeidet. Enkeltpersonar skal kunne ta kontakt
med utvalet. Utvalet må ha eit system for å ta imot opplysningar frå privatpersonar, og bruke slike
opplysningar som bakgrunn for sitt arbeid.
Utvalet skal sørgje for innspel frå og dialog med aktuelle aktørar, inkludert organisasjonane som
organiserer adopterte, adopterte som ikkje er knytt til ei organisert gruppering, og adoptivforeldre.
Utvalet kan, om mogleg, få informasjon frå biologiske foreldre.
Utvalet skal i samarbeid med departementet sette ned ei referansegruppe som utvalet skal bruke i
sitt pågåande arbeid. Utvalet står elles fritt til å gjere val i arbeidet med medverknad.
Ettersom utvalet òg skal sjå på konkrete adopsjonssaker i arbeidet, vil regjeringa fremje forslag om
ei mellombels lov om informasjonstilgang for utvalet. Lova vil gi utvalet tilgang til nødvendig
SOU, Alm.del - 2023-24 - Endeligt svar på spørgsmål 256: Spm. om ministeren vil oversende kommissorierne fra undersøgelserne i henholdsvis Sverige og Norge
informasjon underlagd teieplikt, og sikre at dei kan utføre oppgåvene sine på ein god og effektiv
måte. Eventuelle enkeltsaker som blir omtalte i rapporten frå utvalet skal gjerast anonyme.
Utvalet kan samarbeide med andre lands granskingsutval mv. Det ligg utanfor dette utvalets mandat
å medverke til utanlandske granskingar av enkeltsaker i opphavslanda.
Utvalet kan ta opp spørsmål om tolking eller avgrensing av mandatet med Barne- og
familiedepartementet. Departementet kan supplere mandatet ved behov.
Utvalet skal leggje fram sine funn i ei norsk offentleg utgreiing (NOU). I NOU-en skal det takast
inn eit samandrag av hovudfunna i rapporten på engelsk. Utvalet skal òg utarbeide ei
oppsummering for barn.
Frist for utvalet er inntil 2 år frå oppstart. Utvalet skal levere ein eller fleire delrapportar om tilhøva
i enkeltland eller andre tema som er eigna. Adopsjonssaker frå Equador og Sør-Korea og eventuelle
andre aktuelle land skal prioriterast. Om utvalet vurderer at adopsjonar til Noreg frå visse land bør
stoppast, skal utvalet ta dette opp med Bufdir og departementet.
Tillegg til mandatet i brev fra Barne- og familiedepartementet 22. februar 2024
Utvalet skal gjennomgå systemet for adopsjon frå flest mogleg land Noreg har samarbeidd med. I
den grad det er naudsynt med avgrensingar og prioriteringar, må utvalet grunngje dette, mellom
anna med utgangspunkt i vurderingar av risiko i adopsjonssystema i og med dei ulike landa.
Føremålet med utvalets arbeid ligg fast.